fredag 2. september 2011

Ei veke i Universitetet i Oslos liv

Frå 1. til 8. september skal UiOs eigne fotografar dokumentera alt som går føre seg på universitetet. – Det skal bli bilete av det som skjer på kontora, i forskinga, i undervisninga og på uteområda, seier fotograf Arthur Sand som koordinerer dette jubileumsprosjektet.
FOTOGRAFAR DOKUMENTERER: Bak frå venstre: Ann Christine Eek, 
Ellen C. Holte, Øystein H. Horgmo, Arthur Sand og Karsten Sund.
Framme frå venstre: Ola Sæther, Ulla Schildt og Jan Unneberg.
Foto: Ola Sæther
Mange av fotografane hadde lyst til å ta bilete av noko heilt anna enn det dei gjer til dagleg. Men det er ikkje like lett å få til.
– Nei, for at dette prosjektet ikkje skulle gå for hardt ut over dei faste arbeidsoppgåvene våre, måtte me bestemma oss for at me skulle ta bilete frå dei universitetsmiljøa me til dagleg vankar i. Berre nokre av fotografane frå Kulturhistorisk museum får utvida nedslagsfeltet sitt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet fordi fakultetet sin faste fotograf er sjukmeld, fortel fotograf Arthur Sand, som til dagleg arbeider ved Det humanistiske fakultetet. 
– Fotografane kunne markera seg
Sjølv om det er han som koordinerer oppdraga for dei fotografane som deltar i prosjektet, vil han ikkje ta æra for å ha sett i gang prosjektet.
– Nei, det var fotograf Jan Unneberg ved Det odontologiske fakultetet som kom på ideen om at dei faste fotografane til Universitetet i Oslo også måtte markera seg på eit eller anna vis under jubileumsmarkeringa. Han tok difor kontakt med jubileumsdirektør Inger Stray Lien og la fram forslaget for henne. Saman kom dei på tanken om å dokumentera alt det som skjer i jubileumsveka fotografisk. Deretter har me samla saman mellom åtte og ti fotografar, og blitt einige om kva den einskilde fotograf skal fotografera. Alle er svært entusiastiske, fortel Sand.
Planlegg utstilling i Galleri Sverdrup
– Korleis skal resultatet av prosjektet visast fram?
– Den 27. september skal me ha eit møte der me går gjennom alle bileta som er tatt. Planen er at me skal visa 50 av desse bileta på ei fotoutstilling i Galleri Sverdrup i januar. Finansieringa er enno ikkje heilt på plass, men me håpar det skal koma nok pengar til at me får kjøpt inn fotopapir og rammer til utstillinga.