tirsdag 4. september 2012

Ledig stilling


Fylkeskommunen er forvaltningsnivået mellom staten og kommunane, styrt av dei som bur i fylket gjennom eigne politiske organ. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for kulturtiltak, vidaregåande opplæring, tannhelse, samferdsle, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1500 tilsette, og eit årsbudsjett på 2,5 mrd kroner.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har som oppgåve å ta vare på og formidla arkiv og kjelder om Sogn og Fjordane. Vi samarbeider tett med alle kommunane, bibliotek og museum, og legg stor vekt på å utvikla gode tenester til kommunane og innbyggjarane. Fylkesarkivet har eit omfattande digitalt tilbod og prioriterer høgt gode publikumstenester

Fylkesarkivet har i dag 11 tilsette som er ein del av eit dynamisk miljø med utfordrande og interessante arbeidsoppgåver. Fylkesarkivet held til på Leikanger der vi har nye og moderne lokale. Vi ligg 20 minutt frå regionsenteret Sogndal. Kommunen og regionen byr på gode moglegheiter for å driva friluftsliv og har også eit aktivt musikk- og kulturliv.

Prosjektstilling - konsulent, foto/fotovern

Vi har no ledig eit engasjement, med varigheit 6 mnd. knytt til fagområdet foto og søkjer etter ein positiv og omgjengeleg person som:
  • har utdanning innanfor kultur- og samfunnsfag, foto eller liknande.
  • har god generell IKT-kompetanse. Erfaring med registreringsarbeid og/eller digitalisering og elektronisk biletbehandling  er ein fordel.
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk .
  • jobbar nøyaktig, systematisk og målretta.
  • har interesse for kulturhistorie og fotografi.

Som vår nye kollega vil du ta del i Fylkesarkivet sitt arbeid med å verne, dokumentere og formidle kulturhistorisk fotografi i fylket.

Arbeidet vil hovudsakleg gå ut på:
  • Ordning av arkiv
  • Fotoregistrering og formidling
  • Digitalisering og elektronisk biletbehandling
  • Andre førefallande oppgåver innafor fagfeltet foto

For stillinga gjeld:
  • 100 % stilling
  • 6 månaders engasjement
  • Løn etter avtale
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Arbeidsstad: Leikanger

Har du spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med fylkesarkivar Snorre Øverbø, tlf. 415 30 943, fotoarkivar Elin Østevik, tlf. 57 65 64 18 eller fagleiar kommunale arkiv, Ole Stian Hovland, tlf. 57 65 64 19.
For meir informasjon om Fylkesarkivet, sjå http://www.fylkesarkiv.no

Vi oppmodar alle til å nytte vårt elektroniske søknadsskjema. Det gjer du ved å nytte linken ”Søk stillingen” som du finn i søknadsbiletet. Alternativt kan du sende søknaden som e-post til postmottak.sffarkiv@sfj.no eller som papirpost.

Merk søknaden med oppgjeve A-sak nr. 12/6228.

Søknadsfrist 16.09.2012.

Attesterte vitnemål og attestar tek du med deg ved eventuelt intervju.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar