Seksjon arkiv er regional ansvarsinstitusjon for fotobevaring i Vestland, og forvaltar omfattande mengder fotoarkiv etter profesjonelle fotografar, privat personar og verksemder frå regionen. Oppgåvene dine vil primært vere innsamling, ordning og digitalisering av historisk fotomateriale, registrering av foto i fagsystem, handsaming av fotobestillingar og andre førespurnader, samt formidlingsarbeid på fotofeltet i form av føredrag, artikkelskriving for nett, formidling på sosiale media/heimeside mm.
Stillinga som fotograf ligg til fageininga ikkje-offentlege arkiv, og du vil samarbeide nært med fotoarkivaren vår i både det praktiske bevaringsarbeidet og den strategiske utviklinga av fagfeltet i det nye samanslåtte fylket. Det vil bli høve til å forme eigen arbeidsdag, og du vil vere med på å vidareutvikle eit viktig fagfelt i fylket. Du må rekne med noko reiseverksemd i utføring av stillinga.
Du må ha
- Formell fotograf-kompetanse i form av fotografutdanning på bachelor-/høgskulenivå eller fagbrev
 - God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål
 - Praktiske ferdigheiter innan bilethandsamingsverktøy
 - Førarkort klasse B
 
Vi vektlegg
- Praktisk arbeidserfaring innan fotobevaring frå arkiv, bibliotek eller museum 
 - Kunnskap om eldre fotografiske teknikkar og digitalt skapte foto 
 - Erfaring med analog fotografering og/eller  kunnskap om konserverings-/restaureringsteknikkar 
 - Interesse for fotohistorie og kulturarv 
 - Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, flink til å skape engasjement hjå andre 
 - Sjølvstendig, ryddig og systematisk med stor arbeidskapasitet
 
Vi tilbyr
Godt fagleg miljø
Løn etter avtale og kvalifikasjonar
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar