fredag 5. februar 2021

IFF 50 år i 2022

Styret i IFF ynskjer at medlemmene samler bilder frå arrangement, utstillinger og samlinger i IFF samanheng. Målet er å bygge opp eit historisk arkiv med bilder for publisering på oppdaterte nettsider. Neste år fyller IFF 50 år. Bilda sendast til leiar: arve-kje@online.nno Sjå eksempel som Møre og Romsdal Fotograflaug fekk laga i forbindelse med sitt 100-års jubileum: www.mrfl.no

Mvh,

Ottar A.B Anderson
Leiar SEDAK / Head of Photography 

onsdag 13. januar 2021

Ledig stilling


Seksjon arkiv har i oppgåve å ta vare på  og formidle ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Arbeidet vårt er delt inn i fagområda privatarkiv, foto, tradisjonsmusikk/-dans, stadnamn og kommunale arkiv. I arbeidet vårt samarbeider vi tett med frivillig sektor, kommunar og museum, og legg stor vekt på å utvikle gode tenester til brukarane våre. Digital formidling av kjeldematerialet vi forvaltar står sentralt. 

 Søknadsfrist:
01.02.2021
 Arbeidsgivar:
Vestland fylkeskommune
 Stad:
Leikanger
 Stillingstittel:
Fotograf
 Heiltid / Deltid:
Heiltid
 Tilsetjingsform:
Fast
 Stillingsprosent:
100
 Webcruiter-ID:
4331609738
 Stillingar:
1
 Sosial deling :
   

     









    Seksjon arkiv er regional ansvarsinstitusjon for fotobevaring i Vestland, og forvaltar omfattande mengder fotoarkiv etter profesjonelle fotografar, privat personar og verksemder frå regionen. Oppgåvene dine vil primært vere innsamling, ordning og digitalisering av historisk fotomateriale, registrering av foto i fagsystem, handsaming av fotobestillingar og andre førespurnader, samt formidlingsarbeid på fotofeltet i form av føredrag, artikkelskriving for nett, formidling på sosiale media/heimeside mm.

    Stillinga som fotograf ligg til fageininga ikkje-offentlege arkiv, og du vil samarbeide nært med fotoarkivaren vår i både det praktiske bevaringsarbeidet og den strategiske utviklinga av fagfeltet i det nye samanslåtte fylket. Det vil bli høve til å forme eigen arbeidsdag, og du vil vere med på å vidareutvikle eit viktig fagfelt i fylket. Du må rekne med noko reiseverksemd i utføring av stillinga.

     
Du må ha
  • Formell fotograf-kompetanse i form av fotografutdanning på bachelor-/høgskulenivå eller fagbrev 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål 
  • Praktiske ferdigheiter innan bilethandsamingsverktøy 
  • Førarkort klasse B 
Vi vektlegg
  • Praktisk arbeidserfaring innan fotobevaring frå arkiv, bibliotek eller museum 
  • Kunnskap om eldre fotografiske teknikkar og digitalt skapte foto 
  • Erfaring med analog fotografering og/eller  kunnskap om konserverings-/restaureringsteknikkar 
  • Interesse for fotohistorie og kulturarv 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, flink til å skape engasjement hjå andre 
  • Sjølvstendig, ryddig og systematisk med stor arbeidskapasitet 
Vi tilbyr

Godt fagleg miljø

Løn etter avtale og kvalifikasjonar

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 



Map
Askedalen 2 og 4, 6863 Leikanger
Norge

Elin Storøstevik
leiar
 97653607