Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal IKS
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit
interkommunalt selskap eigd av 27 kommunar samt Møre og Romsdal fylkeskommune.
IKA Møre og Romsdal forvaltar papirbasert og digitalt arkiv for eigarane. Vi er
ein kompetanseinstitusjon innan arkiv og dokumenthandtering. Dei
fylkeskommunale tenestene Kulturnett, FylkesFOTOarkivet, Fylkessenter for
digitalisering av kulturarven (SEDAK) og Privatarkivordninga er lagt til IKA
Møre og Romsdal. Vi leverer også tenesta personvernombod til dei fleste av
eigarane våre. Vi har i dag 18 fast tilsette. Selskapet har kontor i sentrum av
Ålesund.
Vi søker ein sjølvstendig og kunnskapsrik person som skal ha ansvar for Møre og
Romsdal sitt fotografiske minne. Vedkomande skal arbeide med fotoarkiv etter
profesjonelle fotografar samt fotosamlingar frå private og frivillige
organisasjonar https://fylkesfotoarkivet.mrfylke.no
Søknadsfrist:
23.05.2021
Arbeidsgivar:
Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal IKS
Stad:Ålesund Stillingstittel: Fotoarkivar Stillingar:
1 Heiltid, Fast 100%
Webcruiter-ID:4389069914
Du får jobbe med
- å samle inn og bevare
fotografi frå heile fylket
- formidling og forvaltning
av foto frå arkivet gjennom fotodatabasen
- fotografar, museum,
bibliotek, kommunar og frivillig sektor
- utvikling av kunnskap og
kompetanse om fotohistoria i Møre og Romsdal
- fagleg samarbeid nasjonalt
gjennom «Fotonettverket»
- å søke finansiell støtte
til prosjekt
- digitalisering av foto
- bildebehandling og
organisering av fotoarkiv på høgt nivå
- ekspedere tingingar av foto
til ulik bruk
Til denne jobben søker vi deg som har
- utdanning innanfor
relevante fag med fotokompetanse eller relevante fag med formell
fotografutdanning på bachelor-/høgskulenivå eller fagbrev
- praktisk erfaring med
fotobevaringsarbeid i arkiv, bibliotek eller museum
- god kompetanse innan
digitalisering, digital bildebehandling og forvaltning av data
- interesse for
teknologiutvikling, digitale arbeidsprosessar, logistikk og produksjon
- god skriftleg og munnleg
formidlingsevne
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide
sjølvstendig og saman med andre
- Jobbe nøyaktig og
systematisk
- Serviceinnstilt med gode samarbeidsevner
- Evne til å planlegge og
gjennomføre
- Vere imøtekommande,
fleksibel og ansvarsbevisst
- Evne og vilje til å skape
godt arbeidsmiljø
Hos oss får du
- ei utfordrande stilling i
eit positivt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterkt
tverrfagleg fagmiljø
- god tilgang til nasjonale
faglege nettverk og utvikling
- pensjonsordning i KLP
- løn etter avtale
- tilsetting i samsvar med
gjeldande lover, avtalar og reglement
Om arbeidsplassen
IKAMR jobbar for ein organisasjonskultur som fremmar samhandling,
kompetansebygging og læring på tvers av fag. Dei fire fylkeskommunale tenestene
jobbar tett saman.
Arbeidsstad er Kirkegata 10b og fotomagasin på Sunnmøre museum. Stillinga vil
medføre reiseverksemd og søkaren må ha førarkort. Stillinga har 6 månader
prøvetid.
Søknadsfrist 23.05.2021.
Beste hilsen Ragnar A.
tlf 9084 5861
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar