mandag 25. juni 2012


Kulturrådet vil gje økonomisk støtte til fylkeskommunar, arkiv, museum og regionale kulturnett som skipar til kurs i korleis å skriva for Wikipedia.

Fakta

Kulturrådet ynskjer å styrka samarbeidet med sentrale kunnskapskjelder som Wikipedia og Store Norske Leksikon. Det er allereie etablert eit samarbeid med Wikimedia, og Kulturrådet er og i kontakt med Store Norske Leksikon for å utvikla liknande samarbeid. Sentrale institusjonar som Nasjonalmuseet, Riksarkivet og Norsk folkemuseum sluttar seg til og støttar ei slik satsing som samarbeidet med Wikipedia og Store Norske Leksikon representerer.
Kulturrådet vil kople informasjon i ulike formidlingstenester som arkivportalen.no, digitaltmuseum.no, digitaltfortalt.no og europeana.eu saman med innhald i sentrale kunnskapskjelder. Gjensidig lenking vil bidra til meir bruk av dei ulike kunnskapskjeldene og gjera tema som gjeld arkiv, museum og kunst meir kjende blant brukarane.
- Me har sett av midlar for 2012. Det meste av disse midlane skal brukast til å etablera kurs og samlingar for fagfolk ved institusjonane og frivillege rundt i landet i 2012, seier Gunnar Urtegaard, seksjonssjef for E-kultur i Kulturrådet.
Kulturrådet vil gje støtte til utgifter i samband med kursa, avgrensa oppover til kring 25.000 for kvart kurs. Slike utgifter kan vera leige av lokale og utstyr til å halda kursa, mat/servering, reise og opphald for kurshaldar, andre utgifter om knyter seg til kurset.
- Me vonar at ein kan samordna seg og ta initiativ til slike kurs i alle fylka, seier Urtegaard.
Wikimedia stiller med kurshaldarar
Under kursa vil erfarne kurshaldarar frå Wikimedia Noreg presentera korleis Wikipedia fungerer, kva for reglar ein bør følgja på Wikipedia, og visa i praksis korleis ein redigerer.
Wikimedia Noreg arrangerer årleg ei rad kurs for ulike organisasjonar og institusjonar, og legg her vekt på konkret redigering, utprøving og problemløysing kring dei utfordringar kursdeltakarane kan støyta på i kvardagen. Det er og mogeleg for Wikimedia Norge å formidla kursholdarar til einskilde institusjonar eller grupper av institusjonar.
Tilskipar i kvart fylke
Me vonar einkvan i fylket kan ta på seg ansvar for sjølve tilskipinga, seier Urtegaard.
Det medfører mellom anna:
  • Å senda søknad om støtte til Kulturrådet der framlegg til budsjett og opplegg er omtalt
  • Praktisk ansvar for kurset, skaffa lokale, marknadsføring/invitasjon, påmelding med meir
  • Ta kontakt med Kulturrådet eller Wikimedia om kurshaldar
  • Skaffa lokale med trådlaust nett slik at alle kan ha med berbar PC
  • Deltakarane må dekka reisa sjølve, men Kulturrådet dekkjer alle utgifter (maks 25.000 inkludert reise og opphald for kurshaldar).
Søknad om støtte må sendast til Kulturrådet innan 20. juni 2012.
Les meir om kursa og korleis ein går fram for å søke her.
5. juni 9.00-11.00 vert det infomøte hjå Kulturrådet om “Wikipedian in residence.” Erfarne Wikipedianarar tilbyr seg å hjelpa institusjonar i gang. Institusjonar som er interessert i å vera med på eit slikt uformelt møte kan ta kontakt med Gunnar Urtegaard.
Kontaktpersonar
Gunnar Urtegaard, mob 977 72 807 / gunnar.urtegaard@kulturrad.no

torsdag 21. juni 2012

Fotostudier på engelsk


Bilder Nordic School of Photography
 

Fotostudier på engelsk 

Foto: Kristin Støylen
Som noe helt nytt, starter Bilder Nordic School of Photography i høst med studier på engelsk.
I oktober starter vi opp vår grunnutdanning både på heltid og deltid - med engelskspråklige undervisere. Dette har vært et etterspurt studium i flere år, og endelig har vi klart å realisere det. 
Studentene vil få det samme undervisningsopplegget og de samme gode lærerne som våre norskspråklige studenter.
Så om du kjenner noen som gjerne vil studere fotografi i Norge uten norskkunnskapene på plass, tips dem gjerne om studiet vårt!
Det er også ledige plasser på den norske grunnutdanningen - med oppstart i september.

Tre ledige plasser på workshop med Yoo Sun

Foto: Yoo Sun
Det er nå tre ledige plasser på Yoo Suns workshop i profesjonell lyssetting i august. 
Workshopen er av teknisk karakter, der lyssetting står i sentrum. Yoo vil ta for seg en rekke visuelle referanser, som deretter skal testes i studio. Han vil vise hva som skiller lyssetting i high end advertising fra moteserier, og hvordan lyset er avgjørende for stemningen i bildet.
En fantastisk workshop for alle typer fotografer!
 

tirsdag 5. juni 2012

IFFs styre 2012

Foto:Thor Andre Ellingsen

IFFs styre 2012  fra venstre Jan Unneberg (vara) Mekkonen Wolday (styremedlem) Britt Myhrvold (kasserer) Irene Heggstad (sekretær) Roderick Ewart (leder valgt for 2 år) Åge Hojem (nestleder) Per Solrud (styremedlem)