Kulturrådet vil gje økonomisk støtte til fylkeskommunar, arkiv, museum og regionale kulturnett som skipar til kurs i korleis å skriva for Wikipedia.
Fakta
Kulturrådet ynskjer å styrka samarbeidet med sentrale kunnskapskjelder som Wikipedia og Store Norske Leksikon. Det er allereie etablert eit samarbeid med Wikimedia, og Kulturrådet er og i kontakt med Store Norske Leksikon for å utvikla liknande samarbeid. Sentrale institusjonar som Nasjonalmuseet, Riksarkivet og Norsk folkemuseum sluttar seg til og støttar ei slik satsing som samarbeidet med Wikipedia og Store Norske Leksikon representerer.
Kulturrådet vil kople informasjon i ulike formidlingstenester som arkivportalen.no, digitaltmuseum.no, digitaltfortalt.no og europeana.eu saman med innhald i sentrale kunnskapskjelder. Gjensidig lenking vil bidra til meir bruk av dei ulike kunnskapskjeldene og gjera tema som gjeld arkiv, museum og kunst meir kjende blant brukarane.
- Me har sett av midlar for 2012. Det meste av disse midlane skal brukast til å etablera kurs og samlingar for fagfolk ved institusjonane og frivillege rundt i landet i 2012, seier Gunnar Urtegaard, seksjonssjef for E-kultur i Kulturrådet.
Kulturrådet vil gje støtte til utgifter i samband med kursa, avgrensa oppover til kring 25.000 for kvart kurs. Slike utgifter kan vera leige av lokale og utstyr til å halda kursa, mat/servering, reise og opphald for kurshaldar, andre utgifter om knyter seg til kurset.
- Me vonar at ein kan samordna seg og ta initiativ til slike kurs i alle fylka, seier Urtegaard.
Wikimedia stiller med kurshaldarar
Under kursa vil erfarne kurshaldarar frå Wikimedia Noreg presentera korleis Wikipedia fungerer, kva for reglar ein bør følgja på Wikipedia, og visa i praksis korleis ein redigerer.
Under kursa vil erfarne kurshaldarar frå Wikimedia Noreg presentera korleis Wikipedia fungerer, kva for reglar ein bør følgja på Wikipedia, og visa i praksis korleis ein redigerer.
Wikimedia Noreg arrangerer årleg ei rad kurs for ulike organisasjonar og institusjonar, og legg her vekt på konkret redigering, utprøving og problemløysing kring dei utfordringar kursdeltakarane kan støyta på i kvardagen. Det er og mogeleg for Wikimedia Norge å formidla kursholdarar til einskilde institusjonar eller grupper av institusjonar.
Tilskipar i kvart fylke
Me vonar einkvan i fylket kan ta på seg ansvar for sjølve tilskipinga, seier Urtegaard.
Me vonar einkvan i fylket kan ta på seg ansvar for sjølve tilskipinga, seier Urtegaard.
Det medfører mellom anna:
- Å senda søknad om støtte til Kulturrådet der framlegg til budsjett og opplegg er omtalt
- Praktisk ansvar for kurset, skaffa lokale, marknadsføring/invitasjon, påmelding med meir
- Ta kontakt med Kulturrådet eller Wikimedia om kurshaldar
- Skaffa lokale med trådlaust nett slik at alle kan ha med berbar PC
- Deltakarane må dekka reisa sjølve, men Kulturrådet dekkjer alle utgifter (maks 25.000 inkludert reise og opphald for kurshaldar).
Søknad om støtte må sendast til Kulturrådet innan 20. juni 2012.
Les meir om kursa og korleis ein går fram for å søke her.
5. juni 9.00-11.00 vert det infomøte hjå Kulturrådet om “Wikipedian in residence.” Erfarne Wikipedianarar tilbyr seg å hjelpa institusjonar i gang. Institusjonar som er interessert i å vera med på eit slikt uformelt møte kan ta kontakt med Gunnar Urtegaard.
Kontaktpersonar
Gunnar Urtegaard, mob 977 72 807 / gunnar.urtegaard@kulturrad.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar