Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Fotograf / fotoarkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane – 1 års vikariat
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er ein fylkeskommunal institusjon med omfattande verne – og formidlingsoppgåver i fylket. Fylkesarkivet samarbeider tett med kommunane i Sogn og Fjordane og andre ABM-institusjonar (arkiv, bibliotek og museum) i og utanfor fylket. Vi er opptatt av å utvikle gode tenester til kommunane og innbyggjarane. Arkivet arbeider mellom anna med foto, musikk, stadnamn, privatarkiv, kommunale arkiv, fylkeskommunale arkiv, munnleg tradisjon, film/video med meir. Fylkesarkivet er ei utviklingsorientert verksemd, som på mange felt er leiande i å ta i bruk ny teknologi. Arkivet utførar kring 10-12 årsverk.
Vikariatet som fotograf/fotoarkivar er knytt til Fylkesarkivet si fotoavdeling, som er samlokalisert med Nordfjord Folkemuseum på Sandane, Gloppen. Hovudformålet med Fylkesarkivet sitt fotovernarbeid er innsamling, sikring og formidling av kulturhistorisk fotografi i fylket. Fylkesarkivet forvaltar store fotosamlingar – både eigne og andre sine som stiller særskilde krav til handsaming og lagring. Fylkesarkivet har og omfattande publikumstenester for foto på Internett.
Om stillinga
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere digitalisering av fotografi, produksjon av bilete, samlingsforvalting, registrering i fotodatabase og formidling mot publikum.
Den som vert tilsett må ha utdanning på høgskulenivå, helst med kulturfag i fagkrinsen. Vedkomande må ha fotografkompetanse innan tradisjonell og digital fotografi, og ha gode datakunnskapar. Erfaring frå fotovern i arkiv eller museum er ønskjeleg. Det er viktig at den som vert tilsett er ryddig og systematisk, og har stor arbeidskapasitet.
Det er vidare viktig at vedkomande er utadvent og har gode evne til å arbeida både sjølvstendig og saman med andre. Kunnskap og interesse for historie og kulturvern er også ei føremon.
Det vil vere gode vilkår for kompetanseutvikling, Det vil bli høve til å forme eigen arbeidsdag, og du vil vere med på å vidareutvikle eitt viktig fagområde i fylket. Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere bil.
For stillinga vil vi leggje stor vekt på personlege eigenskapar som:
1. Evne til nytenking, kommunikasjon og samarbeid
2. Evne til å arbeide under press
3. Resultatorientert
4. Evne og ønskje om å tileigne seg kunnskap innanfor eit omfattande fagfelt
5. Aktiv i å gjennomføra mål og strategiar
Løn etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Hjelp til å skaffe høveleg bustad.
Nærare opplysningar får du hjå fylkesarkivar Snorre D. Øverbø tlf. 57 65 64 01, mobil 41 53 09 43 eller fotoarkivar Arild Reppen, tlf 57 86 51 24, mobil 41 53 09 79.
Søknad med fullstendig CV sender du på det elektroniske skjemaet som du finn som lenke til Jobbnor på heimesida til fylkeskommunen: www.sfj.no, eller på e-post til: postmottak.sffarkiv@sfj.no.
Søknadsfrist 19. nov. 2008.
Attesterte vitnemål og attestar tek du med deg til eit eventuelt intervju.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar